Mye fint i bygda

Mye fint i bygda

Kulturminnefondet er her: Luster kommune

På Vestlandet, før det vart bygd veg mellom bygdene Hafslo og Veitastrond, var den naturlege ferdselsåra med båt ? Ferda gikk frå Veitastrondsvatnet, gjennom Soget og ned til Hafslovatnet, ein rotur på om lag 4-5 timar. Partiet gjennom Soget, som er elva mellom Veitastrondsvatnet og Hafslovatnet, er eit smalt juv med strie straumar ? For å få trygg ferdsel med båt vart det bygd gangbruer langs fjellsida. Gangbruene tente som trekkvegar, der ein kunne trekke med seg båtane opp eller ned elva.
I dag kan restaurerte gangbruer brukast som gangbru og fiskebru, og er ein historisk attraksjon og naturleg besøksplass for lokalbefolkning, skuleklassar og turistar. Hafslovatnet Grunneigarlag har fått 170.000 kroner til arbeidet frå Kulturminnefondet.

Translate »